torsdag 25. august 2011

benk

Eg ser etter deg heile dagen, ansiktet på netthinna mi, blikket mitt stoppar ved dei fine krøllane. Det er perfekt timing, eg sit aleine på ein benk i sola og ventar. Du vinkar til meg eg vinkar tilbake og smiler litt og ser ned og når eg løftar blikket er du på veg bort mot meg og det kriblar i magen min. Du er så søt, veit du det?

"Eg hugsar navnet ditt rett, sant?" eg må smile fordi eg synes du er så himla søt sjølv om vi berre har møttes ein gang før og innerst inne tror eg at du veit namnet mitt like godt som eg veit ditt. Du er så nervøs og kroppsspråket ditt seiar at du ikkje veit helt kvar du skal gjera av deg akkurat som den gangen du så på meg mens du gjekk og rygga inn i eit bokstativ. Du er så himla søt og eg vil bli kjent med deg.

2 kommentarer: